
Vi har tidlegare tatt føre oss presidenten Vígdis Finnbogadóttir, som var president på Island i perioden 1980-1996 (som er ei god stund). Etter henne fulgte Ólafur Ragnar Grímsson, som har vore president sidan. Dei vert tydelegvis glade i presidentane sine på Island, sidan dei har dei så lenge av gangen. I dei 64 åra Island har vore ein sjølvstendig nasjon har dei berre hatt fem (fimm) presidentar. President på Islandsk er forresten forseti. Kona hans vart veldig populær, og ei typisk “landsmoder”, difor tok nasjonen det veldig tungt då ho døydde i 1998. Ólafur Grímsson var den første islandske presidenten som la ned veto. Det var ei sak angåande massemedia som det skulle haldast folkeavstemning om. Det vart det ikkje noko av. Sjølv om dette var svært upopulært kom folk over det.

Grímsson er frå utkantisland. Han er frå ein av Vestfjordane (som er den krøllete delen av Island oppe i venstre hjørne) nærare bestemt Ísafjördur, med ein tettstad på vel 4000 innbyggjarar.



No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen