Morgunblaðið er den desidert største avisa. Namnet tyder «morgonbladet» som du kanskje har klart å tenkje ut av deg sjølv. Morgunblaðið dekkjer heile landet, då med ei tyngde på sørvestlandet (det er der Reykjavík ligg, og storparten av befolkinga bur)samt internasjonale saker. Den første utgåva kom i 1913 med Vilhjálmur Finsen som grunnleggjar. Denne utgåva var på åtte sider.

 

Morgunblaðið var tidlegare knytt til Frigjeringspartiet på Island, spesielt under den kalde krigen. Også i dag vert dei vert dei til tider kritisert for å vere subjektive, spesielt i valperider. I 70-åra var Morgunblaðið eine og aleine på salstoppen av aviser på Island, og hadde ingen konkurrentar. I denne perioda gav dei ikkje ut opplag på måndagar. I denne perioda hadde avisa eigne delar for finans, mat, fiskeri etc. Då ei anna riksdekkjande avis, Frettáblaðið tok til å lage måndagsaviser, byrja Morgunblaðið å gjere det også.

 

I dag sel dei om lag 50 000-55 000 utgåver dagleg, har mellom 60 og 120 sider i kvar utgåve og mellom 30 og 40% er reklamer.