Island er som kjent ei geologisk sett ei svært ustabil øy, og 30 mai i år vart landet ramma av eit svært sterkt jordskjelv som målte 6,1 på Ricters skala. Til samanlikning var skjelvet i Kina 7,9. Grunna mykje betre standard på husa, samt noko tynnare folketettleik var det ikkje her snakk om titusenvis av døde, men 28 skadde, ingen av dei alvorleg. Det er også moderate materielle skader, ein del hus, og vegar som sprekk opp etc. Jordskjelvet skal også ha forårsaka ei flodbølge som har ramma Færøyane. Det har vore fleire etterskjelv.

Episenteret til jordskjelvet var i nærleiken av Selfoss, ein liten industriby med 6300 innbyggjarar som ligg 50 km søraust for Reykjavik. Jordskjelv er ikkje uvanleg på Island, men det er sjeldan at ein får så store som dette. I 2000 hadde dei eit skjelv på 6,6 på Richters skala, og ein reknar med at det kjem eit større skjelv om lag femte/sjette kvart år.