Halldór Guðjónsson kom til verda i Reykjavik, 1902, men flytta tidleg ut på landsbygda, og tilbrakte barndommen der på ein stad som heitte Laxnes. Lite visste han då om at han skulle bli ein av dei største europeiske forfattarane i det 20. århundre, og den desidert største på Island. Som fjortenåring vart hans første Artikkel publisert i Morgonbladid.

 

Verka hans har sitt utspring i den islandske kulturen, og då særskild bondekulturen. I bøkene vert det reflektert rundt språket, folket og kulturen, noko som viser Laxness sitt oversyn over si samtid. Noko som skilde han frå andre islandske forfattarar var at han skreiv på islandsk, og ikkje dansk.

 

Då han var sytten år gamal gav han ut sin første roman, den nyromantiske “Börn Náttúrunnar” (naturens barn) i 1919. Andre romanar er “Undir Helgahnúk” (under det heilage fjellet), 1924 og “Vefarinn mikli frá Kasmir” (den store vever fra Kashmir) 1927. Sistnemnde var skriven i ein svært moderne stil, noko som markerte startskotet for moderne, islandsk litteratur.

 

Desse tre vakte ikkje nokon internasjonal interesse, men då “Salka Salka” (1931-32) vart utgitt på dansk, byrja folk å få augene opp for Laxness sitt forfattarskap. I åra som fulgte gav han mellom anna ut “Heimlós” (verdens lys) og “Sjálfstætt fólk” (sin egen herre) som han fekk nobelprisen i litteratur for. “Sin egen herre” er også den mest oversatte av romanane, og den mest solgte. Ved førre århundreskifte vart romanen kåra til århundrets bok av den islandske folket.

På tjuetallet konverterte Laxness til katolisismen og studerte katolsk teologi ved kloseteret Clervaux i Luxembourg. (Det var her han bytta etternamn frå Guðjónsson til Laxness)Den katolske lære var viktig inspirasjon for mange av romanane hans, då særskild “Den store vever”. Den religiøse perioden avtok noko då han reiste til USA og vart presentert for sosalismen. I laupet av sitt lange liv budde han i lange perioder i utlandet, så å seie i heile Europa, han reiste også ein del, til mellom anna Sovjetunionen og USA.

I laupet av sitt liv gav han ut 51 romanar, noveller, artiklar, diktsamlinger og teaterstykke. Han døydde i 1998, 95 år gamal som Island sin største forfattar.

 

Hadde no en snertij liten bart