Den største dance-gruppa frå Island er Gus Gus. Dei starta i 1995 og har hatt svært mange medlem inn og ut av gruppa, men President Bongo, Earth og Biggi Veira har vore med heile tida, og er “stammen” i bandet. Somme av dei som var med i bandet har gått solo, mest kjend av desse er Emiliana Torrini (som vi har skrive om før på bloggen). Musikken til Gus Gus kan karakteriserast som tekno, trip-hop, elektronika og/eller dance. Dei har også eksperimentert med mange andre sjangrar. Dei har remixa mange kjende artistar som Sigur Rós, Björk og Moloko. Dei har gitt ut seks ordinære studioplater og eitt livealbum, og er kjend for å vere ein fargerik klatt på den islandske musikkhimmelen (måtte berre!).

Særleg songen “Ladyshave” er verdt å sjekke ut etter mi meining.

 

I Venstre Marg kan du sjå alle seks albuma deira.