Magnús Scheving lagde ein ei teaterframsyning for born som han ville kalle «Latibær». Lite visste han om at han at dette skulle verte ein animasjonasserie som vart dubba til eit dusin språk og vist i over hundre land.

Eigentleg byrja det som eit live-show/barneteater. Islandske Magnús Scheving er ein friidrettsutøvar som fekk lyst til å underhalde born. Samtidig ville han påverke borna med gode og sunne haldningar i forhold til helse og kosthald. Plottet kan kort oppsummerast slik: By med late menneske som lever for å ete junk og spele tv-spel får plutseleg ei rosa jente og ein helsesuperhelt på nakken, og vert oppfordra til å springe ut og leike og sporte seg, og ete «sportssnop» noko som er frukt og grønsaker. Dette høyrest ut som NRK-programmet “Puls” for born.

I det første live-showet var det berre utkledde menneske på scena. Då dette showet vart ein suksess, og ein laga eitt til tok ein med ein “muppet”-fugl. I TV-versjonen vart stadig fleire dokker. Programma har etter kvart blitt meir og meir omfattande og kostnadane per sending er 1.000.000 $.
Somme av dei viktigaste karakterane:
-
Sportacus: ein superhelt som har komt til Lazytown for å få borna til å verte aktive og sunne. Han er ein superhelt frå “an Island in the North-sea” (hinting til Island). Han er spelt av Magnús Scheving sjølv.
-
Stephanie: ei rosa jente som er åtte år og prøver å få innbyggjarane opp av godstolen saman med Sportacus. Er hovudpersonen.
-
Robbie Rotten: Den onde mannen som prøver å lokke borna til å ete junk. Mesteparten av tv-episodene handlar om kampen mellom han og Sportacus/Stephanie. Han kler seg ut ein del.

Det er i dag laga 52 episoder fordelt på to sesongar, og serien har hatt ein suksess over heile verda. Det har vore laga live-show i land som til dømes Storbritannia. Ein har laga ting som sengesett, tannbørstar, hoppeslott osb, med bilete av karakterane i serien.


No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen