Jóhannes Sveinsson Kjarval (kunstnarnamn) vart fødd i Borgafjördur i 1885, og vaks dermed opp i eit hardt og fattigsleg bondesamfunn, som sekstenåring flytta han til Reykjavik for å jobbe som fiskar og sjømann. Der tok han også teikneundervisning. I 1908 heldt han si første utstilling. Han prøvde å kome inn på kunstakademiet i London, men kom ikkje inn, og gjekk på skule i Københamn i staden for, og traff kona Tove Merrlid som var forfattar.
Då han kom tilbake til Island oppdaga han at det var vanskeleg å slå gjennom, Islendarane var ikkje så veldig kulturorienterte på den tida, og var ikkje heilt klare for samtidskunst. Kjarval skilde seg og flytta heller til Paris der han mellom anna vart inspirert av impresjonismen. Han fekk etter kvart annerkjennelse på kontinentet og i heimlandet. Han var også historieforteljar, songar, skribent og debbatant og vart kjend for å vere ein romantisk bohem.

Med sine landskapsmåleri av den islandske naturen og sine innlegg var han med på den kulturelle oppvakninga som skjedde på Island i første halvdel av 1900-talet. Det var som ein slags forseinka nasjonalromantikk som førte fram mot sjølvstendeerklæringa i 1945. Då han i 1955 hadde ei stor utstilling i Reykjavik vart den besøkt av halvparten av den islandske befolkinga, noko som viser kva status han etter kvart fekk i si samtid.


Som målar eksprimenterte Kjarval med kubisme, symbolisme, ekspresjonisme og impresjonisme, allsidig som han var. Allereie på 1930-talet finn han sin eigen stil, med originale naturmåleri. Typisk for bileta hans er også mytiske vesen, alvar, troll og figurar frå soger. I landskapsmåleria er ofte stein, mose, lavastein, nordlys og eit svært variabelt vêr avbilda. Han brukar ofte jordfargar, og som regel er horisonten svært lav, slik at ein får kjensla av at tinga i framgrunnen er svært nære. I 1930 gav han ut ei bok som heitte «Grjot», dette tyder rett og slett «stein».

I dag er han avbilda på den islandske 2000kr-seddelen. Då Björk gav ut sitt første album i 1977 (då var ho 11 år) hadde ho skrive og framført ein fløyte-hyllest til Kjarval. Etter sin død i 1972 gav han store mengder av sine verk til Reykjavik kommune, som no har stilt mange av desse i Kjarvalstadir, og i Kjarvalstofa som vart opna i 2002 i Borgafjördur. Han er sett på som den største og mest innflytelsesrike islandske kunstnaren nokon gong.

No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen