Island var det første landet i verda som fekk ein kvinneleg president (Margaret Thatcher, Indira Gandhi og Golda Meir var berre statsministrar). Ho var der før Gro, og før Hillary. Ut av ingenting reiste ei kvinne seg, og ho heitte Vigdís. Sidan Island fekk sitt sjølvstyre i 1944 har dei hatt fem presidentar, og Vigdís var den fjerde.
Vigdís Finnbogadóttir vart fødd i Reykjavik i 1930, ho tok mykje utdanning i Danmark, Frankrike og Island, og lærte seg mellom anna fransk og vart lærar. Ho fungerte som Guide for Franske turistar i Reykjavik, og hadde franskkurs på riksfjernsyn. Ho fungerte også som kunstnarisk leiar og regissør i to av teatera i hovudstaden (Leikfélag Reykjavíkur og City Theatre)
På 60 og 70-talet protesterte ho saman med mange andre mot den amerikanske militære tilstadeværelsen i Keflavik, og kjempa for å få Island ut av NATO (Island úr NATO, herinn burt).
I 1980 vart ho vald til President i Republikken Island (Lýðveldið Ísland). Ho vann med ein tredel av stemmene og over tre mannlege motstandarar. Mange var skeptiske i byrjinga, og det hjalp ikkje på at ho var skild aleinemor, men ho vart raskt populær og ho vart gjenvald tre gongar og sat heilt fram til 1996.
Det fører ikkje så mykje makt ved det å vere president på Island, ein er mest ein galleonsfigur, så ho brukte heller mykje energi på å fronte Island som kulturnasjon og vere ambassadør.



No comments
Comments feed for this article