Island er no gått forbi Noreg når FN seier kva land som er det beste å bu i. Kanskje er det lettare i eit såpass lite land som Island, men vi veit jo også at Island er eit av dei landa i verda med minst arbeidsledigheit, og alle jobbar mykje, i følge økonomirapportar arbeider Island sitt folk på 300000 som om dei var 500000.
Og så har dei jo dette nye, stilige fødselspermisjonssystemet, som Noreg har snust litt på i det siste, eller siste og siste, før merksemda vart retta mot andre ting fsom til dømes rotet til barneministeren vår. Dette systemet går i kortheit ut på:
Mor får tre månadar fødselspermisjon, far får tre månadar, så er det enda ein bit på tre månadar som dei kan fordele sjølv. Mange meiner at dette er eit stort sprang for likestilling, og 90% av islandske fedre benyttar seg av dette tilbodet, dei vert betre fedre og omsorgspersonar, får bli ordentleg kjende med borna sine, og fedre og born set sitt preg på bylivet i Reykjavik i dag. Stadig fleire kvinner kortar ikkje ned på arbeidet etter permisjonen, og lønnsgapet mellom menn og kvinner er på Island mykje mindre enn det var for få år sidan, kvinnene kan trygt satse på karrieren.


No comments
Comments feed for this article