Silvía Night er ein av dei mest ekstreme figurane vi kan finne på Island. Der er ho elska og hata, med sine ekstreme kostymer og sin skandaløse og provoserande oppførsel. Ho ser på seg sjølv som den mest talentfulle, vakraste og mest berømte person på planeten. Ho har eit Tv-program kalt «The Silvia Night show» der ho m.a. intervjuar folk. Same dagen som premiera var fekk ho mykje merksemd i media fordi ho gjekk rundt i gatene i Reykjavik og ropte «the show is total junk!». Noko som sjølvsagt fekk folk til å skru på tv-en. Programmet vart eit suksess over natta, sjølv om det tok eit stund før det islandske folk forstod at Silvia var ein fiktiv person. Silvia Night er spelt av skodespelaren og songaren Áugusta Eva Erlendsdottír, og er ei slags parodi på alter-ego, utan-nokon-spesiell-grunn-berømte folk som til dømes Paris Hilton. Då dei kåra årest mest sexy kvinne på Island kom Silvia på første plass og Águsta Eva Erlendsdottír på fjerde plass.

I 2006 var Silvia Night Island sitt bidrag i Melodi Grand Prix som var i Athen dette året, med songen «Til hamingju Ísland» på engelsk kalt «Congruatualtions». Det var ein ekstrem parodi på Grand Prix, med dansarar, fjær, kostymer, eit voldsomt sceneshow, den obligatoriske avkledninga, og ikkje minst songarprestasjonar som kom i bakgrunnen bak rosa strutsefjær. Ho hadde allereie fått mykje mediamerksemd før semifinalen, på grunn av sin ubehøvla oppførsel på lydprøvene, der ho hadde banna og vore misførnøgd med absolutt alt. Dessutan hadde ho ropt «Fucking retards» til lydfolka (ei setning ho brukar svært ofte) og folk trudde at ho sa «fucking greeks» og er det noko grekarar ikkje likar så er det å bli kalt «fucking Greeks». Dette kom på nyhenda i Hellas, og ho hadde fått noko å spinne vidare på når ho møtte andre journalistar.

Då ho stod på scena, bua dei i salen frå første sekund, ingen hadde forstått ironien. Ho vart ikkje meir populær hjå publikum av å ha ein samtale med Gud midt i songen medan ho stod i ein gulldusj. Teksten er også eit kapittel for seg sjølv:

Okay
Hey you looking at me, I’m talking to you
I’m Silvia night shining in the light I know you want me too
born in Reykjavík in a different “líg”
No damn Euro trash freak
The vote is in, ill fucking win
Too bad for all the others

So congratulations
I have arrived
I’m Silvia Night and I’m shining so bright
Eurovision nation your dream is coming true
You’ve been waiting and waiting for me to save you

wham bam boom

My song totally cool
No yesterdays news
It is hot okay
Really not to gay
I’m coming here to stay
Want a piece of me
Listen carefully
You’ll be D.E.A.D

So boy’s and girl’s
around the world
Lets meet next year in Iceland

So congratulations
I have arrived
I’m Silvia Night and I’m shining so bright
Eurovision nation your dream is coming true
You’ve been waiting forever for me to save you

“Hello is this God?,
What’s up dog?
Its your favorite person in the world,
Silvia Night
I’m saving in to the world”

So congratulations
I have arrived
I’m Silvia Night and I’m shining so bright
Eurovision nation your dream is coming true
You’ve been waiting forever for me to save you
So congratulations
I have arrived
I’m Silvia Night and I’m shining so bright
Eurovision nation your dream is coming true
Just vote for your hero that’s what you must do


Dessutan sa ho eit stygt ord i songen. «I’ll fucking win». Dette var noko sjefane i Grand Prix ikkje hadde vore utsett for før. Dei såg seg nøydde til å få henne til å seie noko anna. Kva med «they say I win»?. Det var mykje meir koseleg. Silvia song fuckung uansett.
Filmane frå etter semifinalen i Athen var den mest sette filmen på Youtube etter fire dagar. Då hadde ho gått rundt i gatene i Athen og vore temmeleg forbanna. Ho kalte den nederlandske gruppa Treble for ein gjeng horer, Findlands Lordi ‘ugly people from Finland without a real make-up artist’. Sidan ho ikkje kom vidare la ho skulda på Sveriges Carola Häggkvist, ho hadde hatt sex i ein bil med telefonsjefen i Melodi Grand Prix, og fått alle stemmene i følge Silvía. Dessutan kalte ho henne “ugly fucking old bitch”.


I 2006 gav ho ut si første plate, Goldmine, som sjølvsagt framhever hennar personlegdom enda meir gjennom tekstane. Sjølv om musikken kan karakteriserast som MTV Trash pop så har ho fått gode kritikkar for albumet som også har vore på toppen av den offisielle albumlista på Island. Den nye singelen hennar “Thank You Baby” har også ein vittig musikkvideo i form av ein parodi på ein spansk såpeserie med temmeleg dårlige spesialeffektar.