Björk er mest kjend for å vere ein musikar, men ho har også vore med som skodespelar i fleire filmar. Etter musikalveka hadde mamma plutseleg kjøpt «Dancer in the Dark» til meg, der Björk speler hovudrolla. Dette er den filmen Björk er mest kjend for å ha vore med i, og ho fekk Palme’Dor Cannes i 2000 for beste kvinnelege hovudrolle. Denne filmen gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg, ein svært sterk film. Handlinga er lagt til  landsbygda i USA, 1964. Hovudpersonen, Selma Ježková (Björk) er ein tjekkisk immigrant som har ein uhelbredeleg augesjukdom som vil gjere at ho vil bli blind innan kort tid. Grunnen til at ho har flytta til USA er at sonen, som også har same augesjukdom som henne, kan bli operert der. Dei bur i ei campingvogn på eigendommen til eit koseleg ektepar, medan Selma jobbar hardt på ein fabrikk for å få pengar til operasjonen. Pengane gøymer ho i eit skrin på kjøkenet.


 Saman med venninna og kollegaen Cvalda går dei på den lokale kinoen for å sjå gamle Hollywoodmusikalar, som Selma elskar over alt på jord. Etter kvart som synet hennar blir dårlegare må Cvalda forklare handlinga og skildre dansane på kinoen for henne. Selma er også aktiv på det lokale teateret på ein musikal der.
 Når kvardagen til Selma vert for vanskeleg og tung hender det at ho går inn i si eiga fantasiverd der eit rytme frå til dømes maskinene på fabrikken eller eit tau som slår mot ei flaggstang fører til melodiar og dansenummer inne i hovudet hennar, som i ein musikal. Då vert fargane i filmen mykje sterkare, og ting blir gladare og muntrare uansett kor håplaus eller frykteleg situasjonen eigentleg er. Men så er det tilbake til den harde røynda igjen etterpå. Under ei slik «transe» på jobben øydeleggjer Selma ei maskin på fabrikken, og ho får sparken.


 Bill, mannen som let Selma bu på eigendommen sin, har store økonomiske problem som kona ikkje veit om. Kona er svært materealistisk av seg og brukar pengar raskare enn han tener dei. Bill får vite om sparepengane til Selma, og skuldar henne for å stjele pengane hans, sjølv om han veit at dette ikkje er sant. Så utviklar filmen seg vidare i ei uventa retning.
 

Han som hadde regien er ingen ringare enn Lars von Trier, ein eksperimenterande, dansk filmmakar. I følge wikipedia vaks han opp med ikkjereligiøse nudistkommunistforledre som ikkje snakka om kjenslene sine. Han starta tidleg å interessere seg for film, og filme sjølv, og han er  i dag mest kjend for Golden Heart-triologien sin, Breaking the Waves (1996), Idioterne (1998) og Dancer in the Dark (2000). Golden Heart-triologien handlar om tre naive kvinnelege heltar som beheld sitt reine hjarte på trass av dei vansekelege situasjonane dei vert utsette for.


 “Dancer in the Dark” er berre filma med handhalde kamera, med unntak av under musikalinnslaga, noko som gjer at filmen får eit dokumentarfilmpreg. Dialogen er også veldig realistisk, desse stive og storslagne replikkane uteblir, ein trur verkeleg på skodespelarane, og så er det rom for småprating.
 

Musikken i filmen er eit kapittel i seg sjølv. Det er utelukkande Björk som har laga musikken til filmen, og det merkast, det er veldig typisk Björk. Von Trier spurde henne først om ho kunne lage musikken til filmen, og så skjønte han at ho burde få hovudrolla fordi ho var i størst grad i stand til å forstå Selma sidan ho hadde komponert all musikken. Musikken har seinare blitt utgitt på CD under tittelen “Selmasongs”. Björk har i ettertid sagt at ho alltid har ønska å gjere ein musikal i livet sitt, og dette var den.

CD-coveret til Selmasongs