Björk har vore med som skodespelar i fleire filmar, den første var i 1990, det var filmen The Juniper Tree, ei historie basert på ei Brødrene Grimm-historie med same namn. Björk spelte rolla Margit, som var dotter av ei kvinne som vart avretta fordi ho dreiv med trolldom. Filmen er lagt til, og filma på Island.

I 1999 spelte ho hovudrolla som Selma i Lars von Trier-filmen “Dancer in the Dark”. (sjå eigen post om denne). Björk fekk då Palme’Dor Cannes i 2000 for beste kvinnelege hovudrolle og vart nominert til “Best Original Song in a Motion Picture” for songen “I’ve Seen It All” frå same filmen. Denne songen framførte ho på Oscar-utdelinga i 2001.

Björk og Lars von Trier
I dag er ho sambuar med Matthew Barney, ein amerikansk samtidskunstnar. I den eksperimentelle kunstfilmen “Drawing Restraint 9” dukkar både ho og Mattew opp. Også her skreiv ho all musikken, som tek for seg japansk tradisjonell musikk på ein ny måte, denne musikken vart også gitt ut på CD. Filmen er filma i Nagasaki i Japan på eit kvalskip, med eit svært surrealistisk teselskap.

Björk og Matthew

I 2007 kom animasjonsfilmen “Anna & the Moods” ut, laga av CAOZ, eit animasjonsfilmkompani i Reykjavik. Björk har stemma til hovudpersonen Anna, og forteljarstemma er Terry Jones frå Monty Python.


No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen