![]()
Som sjuåring starta Emiliana Torrino (f 1977) som sopran i eit barnekor. Denne vesle jenta med det ikkje fullt så typisk islandske namnet vaks opp i Kópavogur, Islands nest største by. Kópavogur har 30 000 innbyggjarar og ligg litt sør for Reykjavik. Namnet på denne vesle byen tyder babysel-stranda, og den høgste bygninga på Island ligg her, nemleg Smáratorg tower. Forresten er Kóparvogur systerby med mange andre byar i Norden, til dømes Trondheim.

Emiliana sin far var italiensk, derav det noko uislandske namnet, og hadde ei kjede av italienske restaurantar på Island. Då Emiliana var femten år starta ho på operaskule der ho fekk vidareutvikle sitt talent for song. Då ho var 17 vann ho ei islandsk songkonkurranse for ungdom og vart kjendis på Island.

I perioden 1994-1996 gav ho ut tre album: «Spoon» (94), «Croucie D’où Là» (95) og «Merman» (96), men det var i 1999 med albumet «Love in the Time of Science» at det byrja å ta av. I «Ringenes Herre: To Tårn» fekk ho synge «Gollums song» då Björk var litt for gravid til å ta jobben.

I 2005 gav ho ut plata «Fisherman’s Woman» som ho fekk tre prisar på på Icelandic Music Awards. Emiliana har skrive tekstar for Kylie Minouge, og har sunge i den islandske gruppa GusGus. Ho er også ein høgt elska liveartist.


No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen