Björk var med i mange band før ho vart ein internasjonal soloartist. På byrjinga av åttitalet var ho med i gothic rock- bandet KUKL (tyder «trolldom»), saman med surrealistgruppa Medusa starta dei i 1986 eit plateselskap og ei kunstsamling som dei kalla Smekkleysa (tyder smaklaust, bad taste), med det formål å gjere opprør mot den etablerte og forfina kunsten. “World domination or death” var slagordet deira. Dei danna også ei musikalsk gruppe saman, som også vart kalla KUKL, men dei skifta etter kvart namn til The Sugarcubes (isl: Sykurmolarnir). I dag er Smekkleysa eit plateselskap som mange islandske artistar som til dømes Sigur Rós har gitt ut plate under. Kunstgalleriet Smekkleysa er å finne i Reykjavik den dag i dag.
Bandet bestod av Einar Örn Benediktsson, Thor Eldon, Bragi Olafesson, Siggi Baldursson, Einar Mellax og Björk sjølv. Same året som bandet vart stifta fekk ho sonen Sindri med Thor Eldon som var gitarist i bandet. Musikken deira vart karakterisert som psykidelisk alternative rock.
Den første singelen til Sugarcubes var Ammæli (kalla Birthady på engelsk) og vart ein overraskande hit i Storbritannia, dette var det ingen som hadde venta frå eit lite band frå vesle Island. Seinare slo dei også gjennom i USA. Det var Einar Örn som skreiv tekstane, Birthday til dømes, handlar om ei fem år gamal jente og ein gamal mann med skjegg. I 1988 kom deira første album Life is too good. Björk hadde også mange prosjekt gåande parallellt med Sugarcubes, til dømes gav ho ut plata Glíng Gló saman med jazztrioen Trio Guðmundar Ingólfsonar, laga musikk og spelte hovudrolla i filen Dancer in the Dark.
Då bandet gav ut sitt andre album, Here Now, Tomorrow, Next Week! (1989)skilde Björk og Thor seg, og Thor gifta seg med Magga Ornolfsdotter som vart keyboardist i bandet etter at Einar Mellax slutta. I 1992 hadde dei fleste i bandet mest interesse for eigne prosjekt og etter at dei gav ut albumet Stick Around For Joy splitta dei opp. I ettertid er det Björk som har hatt størst suksess som soloartist.
I 2006 hadde dei ein einkveldsreunionkonsert (for å feire 20 årsdagen for utgivelsen av den første singelen “Birthday”)på Laugardalurshöll sportsarena i Reykjavik til inntekt for Smekkleysa som dei alle er aktive innanfor den dag i dag. Med seg på konserten hadde dei sine landsfeller Múm og Rass.





1 comment
Comments feed for this article
februar 8, 2008 kl. 1:15 pm
groftekanten
Jeg hørte de live på Island engang i sin tid. Den gang da skjønte jeg ikke hva jeg var vitne til og var derfor heller ikke smart nok til å skjønne at jeg burde verdsette musikken.
…det var en gratis konsert midt i Reykjavik. Rett nedenfor Laugarveg.