Ein kan jo ikkje ha ein islandsblogg utan å skrive om Björk. Det er mykje ein kan skrive om Björk. Ein kan ikkje skrive alt på ein gong.

 

Björk

Björk heiter Björk på ordentleg. På island er dette eit vanleg kvinnenamn og namnet tyder «bjørk» (overraskande nok). Når engelsktalande folk skal uttale namnet hennar har dei ein tendens til å uttale det feil. Då forklarar ho berre at det rimar på «jerk». Björk er fødd 1965 i Reykjavik. Ho starta tidleg med musikk, spelte piano og fløyte og song. Då ho var 11 år sendte pianolæraren hennar inn ein demo der ho song og spelte til RÚV, den einaste radiokanalen på Island. Songen hennar vart spelt mykje på radio, og året etterpå (i 1977) gav ho ut eit album kalt «Björk».

Björk Live

Det er som med Sigur Rós. Ein må ha mange skråstrekar for å sjangersette musikken hennar. Men ein slags electronica/pop/indie/experimental rock må ein vel då få kalle det. I alle fall er det sært. Dersom ein aldri har høyrt musikk før er det ikkje anbefalt å høyre på Björk først. Eg for min del elskar Björk. At folk går eigne vegar, og snur ryggen til populærkulturen er jo ganske enkelt kjempestas. Ho har ei utruleg kraftig, uttrykksfull og moden stemme som ho kan bruke på mange måtar. I tillegg til å gå eigne vegar innanfor musikken kan ein vel seie at ho går eigne vegar i klesvegen også. Ho har brukt eit utal eksentriske kostymer oppigjennom.

 

bjork1.jpg

 

 

I tenåra var ho med i diverse punk rock-band der ho fekk bruke den karakteristiske skrikinga si. Det var i 1986 det byrja å ta av med karrieren. Då starta ho bandet the Sugarcubes saman med nokre andre islendarar. Dei slo gjennom i ma Storbritannia og USA. Dei gav ut fire album før dei splitta opp i 1992. Same året fekk ho ein son med mannen hennar, Þór Eldon, som også spelte i the Sugarcubes. Han heiter Sindri Eldon Þórsson, og jobbar som journalist og speler bass i fleire band.

Sindri

Vi har grunn for å mistenkje han for å vere litt rar…

 

Björk gav ut sitt andre soloalbum i 1990,kalt Gling Gló, men det var i 1993 at ho slo internasjonalt gjennom som soloartist med albumet «Debut». I ettertid har ho gitt ut fem studioalbum til, samt greatest hits-plate, live-plate og nokre andre greier. Ho har vore nominert til 13 Grammy Awards, 2 golden globe og og ein Acedemy Award. 3 av singlane hennar har vore inne på på the UK TOP 10, noko som er ei bragd, sidan det nesten berre er britisk musikk som herjar der.

interview-07-violin1.jpg

 

 

I 2002 fekk ho dottera Ísadóra med sambuaren hennar, den amerikanske samtidskunstnaren Matthew Barney som også lagar kunstnariske filmar, der Björk ofte lagar musikken. Björk har også vore med som skodespelar i somme av filmane. Ho hadde også hovudrolla i Lars von Trier-filmen Dancer in the Dark (2000).

bjorkfamily1.jpg

Björk, Matthew og Isadora.