Múm (utt. «moom») er ei elektronika-gruppe frå Island som vart grunnlagt i 1997. Musikken deira er veldig eksperimentell, og kan til tider vere vanskeleg å høyre på for utrena øyre, skal ein tru groove.no, som anklagar dei for å berre lage ein masse lydar i staden for å laga musikk. Musikken deira karakteriserast av mjuke vokalar, elektroniske effektar og ein del tradisjonelle, akustiske instrument som trommesett, gitarar, munnspel, trekkspel og diverse strykeinstrument. Dei har også laga mange remixar av allereie eksisterande songar.
Albumet “Summer Make Good” er spelt inn i eit fyrtårn på kysten av Island, og lydar som knirking og vind og sjø har komt med på plata.

Island har jo i ei årrekke hatt tradisjon for å lage annleis og litt sær musikk, med Björk og Sigur Rós i fronten. Múm stiller seg i rekkja av slike artistar/grupper. På same måte som andre islandske artistar har også dei gjennomførte, kunstnariske musikkvideoar, som til dømes laukar som veks opp til rabarbrastilkar og animerte fuglar som vakkert flyg mellom animerte, snøkledde fjell.
Det har vore mange medlem som har gått ut og inn av bandet, men kjerna i bandet er: Gunnar Örn Tynes, Örvar Þóreyjarson Smárason og tvillingsystrene Gyda og Kristin Anna Valtýsdotter. Det var ikkje meininga at bandnamnet, «Múm» skulle tyde noko, sjølv om det kanskje liknar litt på engelske «mum».
Múm har no gitt ut fire album med ganske artige titlar:
Yesterday Was Dramatic – Today Is OK (2000)
Finally We Are No One (2002)
Summer Make Good (2004)
Go Go Smear The Poison Ivy (2007)
også mange av songane deira har kreativt utforma titlar:
«They Made Frogs Smoke Til’ They Exploded»
«Dancing behind my eyelids
«Green Grass Of A Tunnel»
«We Have the Map of the Piano»
«Behind Two Hills… A Swimmingpool»
«Rhubarbidoo»
«I Was Her Horse»
«Hú hviss – A Ship»
«The Gosts You Draw on My Back»
«I’m 9 Today»





No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen