Reykjavik er då hovudstaden på Island, på sørvestlandet. Det er då dit vi har tenkt oss. Gjerne med små avstikkarar ut på landet, for å sjå denne islandske naturen som det vert prata så mykje om.

Reykjavik er verdas nordligaste hovudstad. Halvparten av befolkninga på Island bur i Reykjavikområdet (ikkje at det er så veldig mange) altså omtrent 190 000. Det skal visstnok ikkje vere ein spesielt vakker by arkitektonisk sett, så vi slepp å ta hensyn til det. Det er kaldt og mykje dritvêr på Island generelt, men det er vi jo vande med, og det er sikkert kjekkare med regn i Reykjavik enn i Fosnavågen eller i Dalsfjorden.

p6040207.jpg