
If you ever get close to a human
and human behavior
you better be ready to get confused
there’s definitely no logic
to human behavoir
but yet so irresistible
there’s no map
to human behavior
they’re terribly moody
then all of sudden turn happy
but. Oh, to get involved in the exchange
of human emotions is ever so satisfying
there’s no map
and a compass
wouldn’t help at all
human behavior
Etter å ha vore bornestjerne på Island sidan 70-talet, og spelt i islandske rock/punk/jazz fusion-band som Spit and Snot, Exodus, KUKL, Tappi Tikarass og Sugarcubes i tenåra og 20-åra, gav ho ut albumet «Debut» i 1993, sjølv om ho gav ut sitt første solo-album allereie som elleveåring. Namnet Debut skulle vise at dette markerte overgangen til noko nytt. Björk fekk bestemme alt sjølv, og hadde mange songar på lager som ho i ei årrekke hadde laga, men som ikkje passa dei andre i banda ho spelte i, eller som ho hadde «spart» til seinare.

I 1992 splitta the Sugarcubes opp, bandet som gjorde Björk internasjonalt kjend, same året flytta ho til London for å satse på ei solokarriere. I samarbeid med Nellee Hooper som produsent, fekk ho gitt ut den første singelen «Human Behavior», med ein melodi Björk skreiv allereie som born. Teksten handlar om kor merkelege menneske og deira handlingar er, nesten som frå eit nyfødd born sin ståstad. Musikken ber eit elektronika-preg med eit pauke-ostinat i bassen, og ein temmeleg dissonerande vokal. Dette noko sære preget på songen hindra imidlertid ikkje songen i å verte eit hit. Songen har ein vittig musikkvideo som går føre seg i ein skog, som vart nominert til Grammy.

Då Björk spelte inn albumet vart det ikkje venta at det skulle slå særleg godt an. Ein rekna med at det vart litt for sært, eit album for spesielt interesserte som kom til å selge omtrent ein tredel av det eit Sugarcubes-album ville gjere. Og, javisst er musikken sær, men likevel vart albumet ein stor hit i heile Europa, og klatra høgt opp på bestselgarlistene i både USA og Storbritannia. Det er no selt over 3 millionar eksemplar på verdsbasis. I 1998 vart albumet stemt fram til å bli det 74. beste albumet nokon gong i musikkmagasinet “Q”. Debut er også med i boka “1001 album du må høre før du dør”.
Nokon heilskap i Debut er vanskeleg å sjå. Sidan songane er komponerte på ulike tidspunkt i livet til Björk, er dei vidt forskjellige i uttrykk og tema. Ein kan dele dei tolv ulike songane inn i tre kategoriar: dance-låtdriven pop, eksperimentell/new age og rytmebaserte elektronikasongar. Heile fem av songane vart utgitte som singlar. Her er litt om dei ulike songane på albumet:
-
Human Behavior: sjå omtale over.
-
Crying : Elektronikalåt med fengande pianoriff, tekst første verset: “I travel all around the city/ go in and out of locomotives/all alone”
-
Venus As A Boy: vart med på plata i siste liten. Björk snubla over ein glasknusnings-lyd på datamaskina si, og laga ein song om denne. Singel.
-
There’s More To Life Than This: er spelt inn live på Milky Bar, vi høyrer prating frå folk ma. Björk går i midten av songen syngande inn på toaletta, og så ut igjen. Svært dansbar song
-
Like Someone In Love: ein gamal jazzlåt, Björk er her berre akkopagnert av ei harpe.
-
Big Time Sensuality: elektronika/dance-song, singel
-
One Day: elektronisk
-
Aeroplane: “he’s away/ this ain’t right/ I’m alone/ I’m taking an aeroplane/ I cross the world to follow my heart”
-
Come To Me: ein temmeleg rolig og merkeleg song
-
Violently Happy: singel. Elektronika/dance-song. Vittig musikkvideo med folk i eit blått rom som klipper opp ting.
-
The Anchor Song: den desidert særaste songen på plata. Her er heile teksten: “I live by the ocean/ and during the night/ I dive into it/ down to the bottom/ underneath all currents/ and drop my anchor/ this is where I’m staying/ this is my home”. Fortel jo litt om islendarane sitt forhold til sjøen. Songen er berre akkopagnert av ein gjeng med islandske messingblåsarar.
-
Play Dead: har komt til som eit bonusspor på seinare utgivingar. Björk vart spurd om å skrive ein song til filmen “The Young Americans”. Ein mektig song med strykarar og voldsom, pulserande bass.

Frå musikkvideoen til “Human Behavior”
Björk laga “Debut” mest for sin eigen del, det var lågt budsjett på den, ein rekna med at den var for merkeleg og særeigen til å nå dei heilt store folkemassene. I 1994 fekk Björk to Brit Award-prisar, for beste kvinnelege internasjonale artist, og beste internasjonale nykomar.
Kommentarar